Graset er grønt og trea fått blader på seg. Det er fint og grønt i suburbia i Montreal no om dagen der bussen sneglar seg lengre og lengre vest og langt vekk fra den langt raskare metroen. Vanlegvis vil eg stå klemt, nesten oppå han som kjøyrer medan eg tviheld på det næraste som er noko solid slik at eg ikkje ramler over ei gammal kone eller oppi ei barnevagn når bussen bestemmer seg for å bråbremse i ett kryss.
Men ikkje no. No sit eg bakerst i bussen medan han brummer bedageleg av garde og drikk kaffi frå min raude termokopp. Det er berre meg og ein av sikkerhetsvaktane frå universitetet mitt på bussen. Ho som eg trur at eigentleg byrjar på jobb klokka ni, men som aldri får det helt til å komme i tide. Ingen hylande tenåringsjenter i sine altfor korte uniformsskjørt eller småknattar som skal på skulen. Ingen mødre som er på veg til barnehagen med ein liten i vagna. Berre meg og sikkerhetsvaktdama og kaffien.
tysdag, mai 27, 2008
tysdag, april 29, 2008
élie forteljer folket om biologien
Eg har vore på fest. Det skjer jo sånn av og til. Vanlegvis sit eg i ein krok med vinen min og snakkar med dei eg veit at eg likar, men det hender at eg tar sjansen og snakkar med totalt ukjende frammadfolk. Av og til er det skikkelig kjekt/koseleg/interressant. Av og til er det smertefult. Som, for eksempel, når nokon forteljer meg korleis biologien egentleg virkar. Då kjenner eg at eg blir litt irritert. Etter all denne skoleringa føler eg at det er eg som skal fortelje om biologien, ikkje ein tilfeldig hippie med fettete hår og veganøl.
I dette tilfellet var saken den at hippien hadde vore sjuk. Det er jo ikkje så stas, det kan jo til og med den enklaste biolog skjønna. Det hadde vore så mykje sjukdom at antibiotika hadde vore løysninga. Slikt går ein til doktoren for å få. Og doktoren, den skikkelig kjipe doktoren, som heilt sikkert var mot auraer og krystallar og hippier generelt, hadde, ut av rein forakt, gitt hippien ein svak pingle-antibiotika som slettes ikkje hadde virka! Berre for å vere ekkel. Så hippien var nødd til å gå tilbake og få ein ny. Men, den skikkeleg ekle doktoren ville framleis ikkje gi frå seg en resept på den skikkelig sterke kuren. Hippien måtte ta til takke med ein eller annan sekundær styrke. Hippien var no, etter all dette arbeitet, frisk og kjekk, men følde seg framleis litt snytt av denne doktoren som satt der og ruga på hestekuren.
Når nokon kjem opp til meg på fest og fortel meg og biologien på ein måte som visar at dei ikkje veit stort og ikkje har tenkt å vita meire heller, pleier eg berre å gå. Eg vil ikkje ta den diskusjonen når eg eigentlig skulle ha det kjekt (eg vil mykje heller snakka om ting eg ikkje har greie på. Som jagarflykjøp eller utenrikspolitikk). Sånn som den gangen ei jente sa at ein ikkje burde spisa sjampingjongar. Fordi sopp et daue folk. Jada.
Uansett. No er det slik at antibiotika er noko eg faktisk er opptatt av. Tanken på multiresistent tuberkulose i russiske fengelse skremmar meg. Eg gremmes over at ein kan få halspastiller mer antibiotika i og at ein tilfelig doktor ga meg ein tidagars kur med stoffet fordi eg hadde litt hoste. Eg jobbar med antibiotika. Kvar dag. Eh har klart å drive fram antibiotikaresistente bakteriar i ei petriskål på benken på laben. Det er ikkje vanskeleg. Det er lett.
Så eg vil sei dette ein gang for alle: Antibiotikatesistans betyr at bakteriane som gjer oss ekle infeksjonar ikkje døyr etter ei veke med penicillin. Det er blant anna overbruk som har ledd til dette. Ein gjer ikkje nokon "den aller sterkaste, siste utveg"- antibiotikaen før det virkeleg er krise, fordi det er den aller siste utveg. Ein skal spara på den. Slik at ikkje alle bakteriane blir resistente mot også denne og me kan gå tilbake til å legga groblad og graut på infeksjonane.

måndag, april 21, 2008
Det lille Franskkurs
Antalet menneske som skriv på norsk, men leitar etter franskkurs (noko eg ikkje kan hjelpa med), eller berre fraser eller ord på fransk og som, etter eit raskt google-søk ender opp i min blogg, har fått meg til å innsjå at eg har svikta totalt. Dersom ein skriv ein blogg kalla "fransk for begynnare", må ein ta eit visst ansvar. Så her kjem Det lille Franskkurs. Her skal eg prøva å gje svar på dei store spørjesmåla som folk stiller seg og den store verdensveven.
Orda i firkantparantes er slik eg ville skrive fransken på norsk. Les høgt til deg sjølve og du vil ha omtrentlig uttale.
Springande oppdatering:
Orda i firkantparantes er slik eg ville skrive fransken på norsk. Les høgt til deg sjølve og du vil ha omtrentlig uttale.
- Sukker - Sucre [sukr]
- Jeg snakker ikke fransk - Je ne parle pas francais [kjø nø parl pa franse]
- Hva er klokken? - Quelle heure est-il? [kel ør etil?]
- Lønnesirup - Sirop d'erable [Siro derabl]
Springande oppdatering:
- Det er - C'est [se]
La ville est Hockey!
Sloganet til Montreals ishockeylag er "la ville est hockey", eller "byen er hockey" om du vil. Og selv om jeg sitter her med nakne legger i 21 grader og sol, er det ganske tydelig at Montreal er hockey nå om dagen.I kveld spiller Montreal Canadiens, som laget heter, en viktigviktig "vinn-eller-forsvinn"-kamp. Seier mot Boston betyr kvartfinale. Tap betyr forsvinn. Og da må en selvsagt vise sin støtte.
Skjermene inne på metroen som vanligvis viser været, reklame og nyheter hadde i dag, mellom annenhvert innslag, blinkende tekst som sa "GO Canadiens, GO!". Bussen min skiftet mellom å vise rutenummeret sitt og, ja, ganske riktig, "GO Canadiens, GO!". Jeg så en politibil med Canadiens flagg i vinduet. Flere brannstasjoner har blitt reprimandert for å ha malt canadiens logoen på siden av brannbilene sine.
I kveld kommer enhver bar til å vise kampen. Og enhver bar kommer til å være full. The winner takes it all!
tysdag, april 15, 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)