tysdag, mai 27, 2008

Sumar

Graset er grønt og trea fått blader på seg. Det er fint og grønt i suburbia i Montreal no om dagen der bussen sneglar seg lengre og lengre vest og langt vekk fra den langt raskare metroen. Vanlegvis vil eg stå klemt, nesten oppå han som kjøyrer medan eg tviheld på det næraste som er noko solid slik at eg ikkje ramler over ei gammal kone eller oppi ei barnevagn når bussen bestemmer seg for å bråbremse i ett kryss.

Men ikkje no. No sit eg bakerst i bussen medan han brummer bedageleg av garde og drikk kaffi frå min raude termokopp. Det er berre meg og ein av sikkerhetsvaktane frå universitetet mitt på bussen. Ho som eg trur at eigentleg byrjar på jobb klokka ni, men som aldri får det helt til å komme i tide. Ingen hylande tenåringsjenter i sine altfor korte uniformsskjørt eller småknattar som skal på skulen. Ingen mødre som er på veg til barnehagen med ein liten i vagna. Berre meg og sikkerhetsvaktdama og kaffien.