søndag, november 04, 2007

Ein skal no passa på dei som er mindre enn seg sjølve

Eg jobbar i ei bygning som kallas for vitskapskomplekset. Det er ei stor bygning med biokjemiavdeling, fysikkavdeling, biologiavdeling og av alle ting, ei psykologiavdeling. Her i det store utlandet blir psykologien rekna som ekte vitskap og får vere med på matematisk og naturviteinskapleg fakultet.

Psykologane held til i kjellaren. Ikkje eingong i den "vanlege" kjellaren, men i den etasjen som er under den valege kjellaren. Eg har aldri vore der. Kvifor? Ein må ha åtgangskort og kode og gjennomlysast før heisen i det heile tatt går ned.

Dei held på med rotteforsøk der i kjellaren.

Tidlegare har dyrevernsaktivistar brote seg inn og slept ut alle rottene.

Og det er jo snilt av dei. Dei som ikkje har det så kjekt burde definitivt ha det betre. Det er bare det at dei fleste av desse rottene manglar deler av hjernen sin. Det er jo slikt psykologar held på med; hjernar. Og så er dei kvite. Det er ikkje så lett å gøyma seg når ein er kvit og naturen er grøn. Eg kan se for meg alle rottene som slit seg ut av å springa i sirklar eller blit tatt av ein gribb eller huskatten. Snille dyrevernare, dersom dykk skal redde dyr som har det vondt, ikkje berre slepp dei ut av bura deira, men ta dei med heim og gje dei eit betre liv. Ingen likar å bu på gata.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Voldsomt godt forslag! Det er ikkje kjekt å vera liten og redd i den store, farlege verda. Så til alle dyrevernarar: Ta med ei laboratoriemus heim i dag. Men ikkje lat det vera med det! Revar og mink i pelsdyrindustrien har det ikkje heller godt, og dei klarar seg ikkje heller i den frie verda. Så derfor, ei ny oppfordring til alle dyrevernarar: Ta med ein rev og ei mus heim i dag. Det er eit skikkeleg bidrag til ei betre verd for våre små søsken dyra.

Gammal raudstrømpe

Masta sa...

I like this story...