måndag, april 16, 2007

Fini

Eg er, frå og med førre veke, ferdig med alle dei obligatriske kursa til masteren min. Ingen fleire førelesningar, ingen fleire eksamenar. Slutt, over, fini. Frå no av er det berre labb for alle pengane. Det kjennest bra. Eg trur at eg var klar for det no. Eg var ikkje nervøs før eksamen, ikkje var eg engsteleg. Det var meir: Gje meg eksamen slik at eg kan skrive han og bli ferdig med det og gå over til viktigare ting. Som å planlegge reisa til Kina. Eg gler meg.

1 kommentar:

Meg sa...

Så bra at ditt møte med ansa var koselig! Jeg har jo noen skandinaviske venner her, men de reiser vel alle hjem etter dette semesteret, så det er meget mulig jeg oppsøker ANSAs fredagspils neste semester... Ferdig med master? Gratulerer! Er du ferdig i Montreal også da, eller?!? :))