onsdag, april 25, 2007

Mat som slankar deg

Nå har me fått det også. Mat som skal gjere deg slank.

Ideen er, som artikkelen seier, at maten skal gjere slik at du brenn fleire kaloriar enn det ein får i seg når ein et han. Slik at kaloriane i sjokoladen du åt rett før bere forsvinn og blir til ingenting. Dersom ein drikk 3 boksar av dette kvar dag, skal ein kunne forbrenne 100 kaloriar.

100 kaloriar, ja. Eg har aldri vært noko stor på dette med å telle kaloriar, så det seier meg ingenting. Etter litt søking på nettet finn eg ut at det tilsvarer ca. 30 minuttar med matlaging, støvsuging eller normal gange (ein heilt vanleg tur, altså). 33 gram vanlig sjokolade inneheld 100 kaloriar, det gjør også 250 ml brus eller 2 eple. Men det er jo sjølvsagt mykje betre å eta alt ein vil for så å hella i seg 3 boksar med dette nye og fantastiske produktet og slanka seg mens ein sit stille og roleg.

Spesielt tykkjer eg at dette er genialt nå som stadig fleire forskarar går ut og seier at det er mykje verre å være i dårleg form enn tjukk. Og med tanke på pris (dette produktet kan umuleg koste mindre enn 10 kroner boksen), vil det vere langt, langt billegare å få seg et medlemsskap på eit helsestudio.

Men det speler jo sjølvsagt ingen rolle, så lenge ein er tynn.

4 kommentarer:

Cecilie sa...

Såkalla negative kaloriar har vore i butikkane i Noreg så lenge eg kan hugse. Dei kallas stangselleri....

Begynnere sa...

Uæææææ..
Så eg må altså eta stangselleri eller vere feit?
Takke meg til feit.

Lida for skjønnheten, my ass. Så mykje vil eg ikkje lida.

Anonym sa...

Eg likar stangselleri, men et nok ikkje heilt nok av den.
*ser nedover begredeleg resultat*

Begynnere sa...

Lurer på kor mykje ein må eta for å tapa 100 kaloriar.. 1 kilo selleri? Mmmm, så frisk og sunn!