tysdag, mai 01, 2007

Sidan eg likevel var inne på det..

Sidan Quebec ikkje feirar arbeidardagen før utpå høsten, vil eg ikkje snakka om arbaidarar i dag. Eg vil snakka om fett. Bare fordi eg har tenkt litt på det etter eg byrja å lese om slankematen.

Så no skal me snakke om dette ein gong for alle, slik at me kan verta ferdige med det. No skal me ha ein kjapp lita gjennomgang om kvifor feittsuging IKKJE er nokon langvarig løysing på noko problem.

Eit menneske har eit bestemt nummer feittceller i kroppen. Det er celler som tar opp og lagrar det feittet ein spis om ein ikkje trenger der og då. Det betyr ikkje at alle har det same nummeret, men at eg alltid har, for eksempel 10 millionar celler og at du alltid ha ti millionar og ei feittcelle. Det er ikkje nummeret feittceller som seier noko om kor overvektig eller tynn ein person er, det er kor store dei er. Altså. Eg har eit skur som eg kan lagra ting i, du har to. Men mitt eine skur kan vera langt større enn ditt.

Dersom ein går gjennom den julinga feittsuging er, vil ein suge ut eit ubestemt nummer celler før ein blir sendt heim att. Men no har ein jo færre feittceller enn det ein hadde før. Dette vil kroppen, på forunderleg vis finne ut og starta produksjon av NYE feittceller for å få talet opp igjen til det same som det var før. Og dersom ein ikkje startar å trene eller sluttar å ete reint frityrfeitt, vil dei nye cellene snart vere like store som dei ein har betalt ei formue og et auga for å få fjerna.

Så dersom ein vil halda fram å vere så tynn som ein var like etter operasjonen, må ein altså legga om kosthaldet og starta å trena. Og kva var då vitsen å betala som mykje for slik ein risikabel operasjon? Når ein ender opp med den torturen trening og sunnare mat er likevel?

Ingen kommentarer: