tysdag, mai 29, 2007

Ein liten blome

Den siste uka har eg sitte på kontoret mitt og stirra tomt inn skjermen til arbeidsboksen. Så har eg klødd litt på myggestikket eg har på leggen, sukka tungt, før eg har venda tilbake til skjermen. Og stirra. Etter en times tid eller så, når øyet er i ferd med å varta firkanta, har eg gått ut i gangen og kikka inn på nabokontoret. "Kaffi?" seier eg. Då vert det ofte kaffi.

Så sit vi ei stund på plenen foran bygget der kontora våre er og drikk kaffi og nyt sola og kjenner på at det er sommar. Før vi, med bøyde nakker vender tilbake til det kalde halvmørket i kvar vår boks, foran kvar vår arbeidsmaskin. Og stirrar tomt inn i skjermen i nokon timar til. Og når klokka vart fem og eg skunder meg å komme meg ut (for å vere sikker på at ingen sjef stopper meg på vegen mot døra med spørjesmål), har eg frykteleg dårleg samvittighet for at eg absolutt ikkje har fått gjort nokon ting i dag heller.

4 dagar igjen til somarferie.

Ingen kommentarer: