måndag, mai 28, 2007

Ei fullmoden kvinne

Av og til, der i heimlandet, når eg nevner (eller det kjem fram sånn heilt av seg sjølve) at eg er feminist, er det nokon som blir litt sinte. Av ei eller anna grunn. Byrjar å snakke om traktorlesber og stygge damer og mangel på barberte armhular og mannehat. Og så blir gjerne heile situasjonen litt ubehageleg. Då gjer eg gjerne ein av to. Enten vert eg læraren som prøver å plukke dummheter av eleven eller, dersom eg ikkje orkar være lærar, smyg eg meg vekk medan eg mumlar noko om toalettet.

Her, i Canada (kor kvinner forøvreg fekk stemmerett i 1944!), er det ingen som vert sinte. Dei klappar meg heller på hovudet og seier "ja, ja". Eg undra lenge på korleis eg klarte å gå frå provoserande til søt berre ved å skifta kontinent. Eg har funne svaret. Stikkorda er kvinne og styrke (eller female empowerment). Indre styrke. Og livmor, sjølvsagt.

For, dersom ei feministgruppe samlast i Montreal, er det ikkje for å diskutere mangelen på statlege midler til krisesenteret, kriminalisering av horekunder eller om korleis forhindra at den rundjulte invandrerkvinna blir satt på fyste fly ut av landet fordi ho berre var gift med sin norske ektemann i litt under tre år. Feministane i Montreal tenner ein røykelsespinne, tar på seg dei flagrande gevantane, sett seg i ring, held kvarandre i hendene og snakker om korleis finne sin indre styrke, zen og farge auraen blå. Etterpå snakker dei litt med livmora si før dei går ut i skogen for å klappe på, og forstå trea. "Men kva gjer dykk?" seier eg. "Vi hjelper oss sjølve bli betre kvinner. Fulle og modne kvinner".

Jaha, ja.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Well Eli I don't know what any of this says but I'm bored and I remember you saying that no one comments on your blog. So here is a comment; I like your use of black and pink, it's like some surreal comment on racism or something.

Anonym sa...

Hahaha!
Eg syns den kanadiske måten å bli full og moden på var skikkeleg fin.
Akkurat som den nederlandske for 30 år sidan. Dei gjekk på makrame-kurs og tok førarkort. Då var dei frigjorte.

Anonym sa...

1944, was for the québec provincial élection.
women got voting rights in canada confederation in 1914-18....always for the same reason so that endraftmen can be plebecited and men send to war against their will.