fredag, mai 04, 2007

Kven er best?

Eg veit ikkje korleis det er er andre plassar, men her eg tek masteren min, må alle, sånn cirka halvveis uti ein plass, holda ei presentasjon kor dei forsvarar arbeidet sitt så langt og viser for avdelinga at det er verdt å betala dei store summane dei gjer for å halda deg med utstyret du treng. Litt sånn: "Eg jobbar hardt og er flink nok, altså!"

I dag var det min tur saman med to andre. Dei to andre gutane presenterte før meg. Dei har begge bodd i landet i ett års tid og engelsk er ikkje morsmålet deira (litt som meg) og dei var frykteleg nervøse (akkurat som meg) (eg må seie, rommet hadde ei svak eim av nervøs mastergradsstudent). Ein kan seie at det gjekk fryktelig raskt. Og mumlete og ord vart slukt og kononantar forsvann. Så då det endeleg var min tur var ramma dei hadde satt absolutt til mi fordel.

Då eg sto der med tanka "ingen i dette rommet kan meir om dette enn meg, ikkje eingong min eigen veiledar og presentasjonen eg har forebudd er god" forsvann nervøsiteten og eg koste meg. Eg snakte tydeleg og holdt tidsramma perfekt. Og eg fekk tonnevis av spørjesmål som vitna om at dei hadde forstått kva det dreide seg om, men som gjerne ville ha litt utbrodering om kvifor eg valde å bruke akkrat den metoden eller framgangsmåten.

Eg vandrar på ei lita sky av sjølvtillit: Eg er skikkelig flink i det eg held på med. Slika dagar er bra dagar. Og no skal eg ut og drikke øl i sola for å feire.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Og mor er veldig stolt! Veldig, VELDIG stolt!

Anonym sa...

flinke......