onsdag, mai 02, 2007

Sur, gammal kone

Eg har alltid håpa at eg kjem til å bli ei morosam, gal gammal dame ein dag. Men eg ser at dersom eg ikkje passar nøye på, kan det hede eg blir ei sur gamal røy som hytter med stokken og seier ”då eg var ung”..

Årsaka er barn. Ei bråte med studentar som kom for å gjere eit prosjekt saman med ein av gutane som jobbar i laben min. Dei er eigentleg ikkje barn i den forstand, for dei fleste er eldre enn meg, trur eg. Men dei er barn på ein lab; dei anar ikkje kva som føregår og korleis ein skal forhalla seg til dei andre og dei andre sine ting.

Så byrja dei å jobbe sjølve og fekk ein pult kvar og flokkdanninga blei straks litt mindre. Men nå må dei jo ha utstyr til å jobbe med. Så då forsyner de seg av det dei ser. Treng dei ei flaske, tar dei den som står på nærmaste pult i staden for i skåpet. Treng dei tubar, tar dei det og. Den næraste arbeidsbenken er min.

Vanlegvis vil me som jobbar på laben rydda og vaska og sørgja for at alle ting er sterile etter kven som bruker mest og litt sånn etter som ein ser kva me treng og kva ein sjølve treng. Så når eg treng ting klargjer eg det eg har bruk for og litt til. Slik at andre kan ta. Så sett eg det i skåpet. Dersom eg treng noko på eit bestemt tidspunkt, set eg det på arbeidsbenken min. Slik veit ein at eg har "reservert det" og at ein ikkje skal forsyna seg (ein kan spør, sjølvsagt).

Slikt veit ein jo ikkje når ein kommer til ein ny stad. Ein veit jo ikkje at ein skal holda fingrane vekke frå det som står på den andre sin plass. Men når ein har blitt det fortalt, synes eg at ein skal følgja den regelen. Når ein har brukt noko, synes eg og at ein skal vaska det. For eg har i det siste gått rundt og leitt og leitt og vaska og vaska fordi alt står på feil plass eller er skittent og ekkelt. Det er greitt når me er tre (som me vanlegvis er). Men når me er 8?

Pennane mina har dei tatt og.

På eit tidspunkt ville eg skrike. Etter å ha følgt etter ein bråte med ungar som ikkje har peiling på kva dei skal gjere og som rotar og treng hjelp til alt byrja eg å gøyme meg på kontoret mitt. Det er alltid noko kontorarbeid som må gjerast. Eg får ikkje gjort noko på laben likevel.

Jepp. Drittsur gammal kone. Som gøymer seg bar gardina og tiskar og viskar. Nå skal eg gå til frisøren å legga håret.

Ingen kommentarer: