
I førre veke var eg på foredrag der ei dame snakka om kva ho gjer i jobben sin. Ho analyserer DNA-et til potensielle kriminelle. Kva dag gjer ho den same, litle oppgåva som stort sett består av å stappe ein viss mengde ulike væsker som liknar på vatn i veldig små plastbehaldarar før ho gjer det vidare til neste person på samlebandet. Ho har aldri vært på ein åstad. Ingen av dei ho jobbar med har vore på ein åstad. Dei gjer alle den same litle oppgåva kvar dag. Vanlegvis har dei til og med noen som står og ser på og kontrollerar at alt går riktig for seg (det er jo bevismateriale, ein må ikkje gjere feil). Det var også ei anna dame der. Ho analyserer små beter av maling frå bilar. Dersom nokon har krasja i noko og stukke av, får ho tilsendt malingsflekkene bilen har etterlate seg. Så er det opp til ho å plukke beten frå kvarandre og fine it kva slags farge dei ulike laga har. Deretter slår ho opp i ein database som har ei liste over kva slags bilfabrikk bruker den typen malingssammenssetning. Det er alt. Det er hennar spannande, utfordrande og glamorøse jobb. Litt anleis enn kva dei visar på TV.
Biletet er av Gil Grissom, den store helten i CSI Las Vegas.
3 kommentarer:
Dette er svært lovande, rett og slett tillitvekkande. Blogg skrive på moderne og lettflytande nynorsk, omtrent utan feil. Betre kan det ikkje bli. Fram for nynorsken, hei, hei, hei!
Nynorsk er kult!
Burde ikkje du sova på denne tida av døgnet?
Ein må berre komma seg opp om morgonen, dersom ein skal få gjort noko.
Legg inn en kommentar