tysdag, april 29, 2008

élie forteljer folket om biologien

Eg har vore på fest. Det skjer jo sånn av og til. Vanlegvis sit eg i ein krok med vinen min og snakkar med dei eg veit at eg likar, men det hender at eg tar sjansen og snakkar med totalt ukjende frammadfolk. Av og til er det skikkelig kjekt/koseleg/interressant. Av og til er det smertefult. Som, for eksempel, når nokon forteljer meg korleis biologien egentleg virkar. Då kjenner eg at eg blir litt irritert. Etter all denne skoleringa føler eg at det er eg som skal fortelje om biologien, ikkje ein tilfeldig hippie med fettete hår og veganøl.

I dette tilfellet var saken den at hippien hadde vore sjuk. Det er jo ikkje så stas, det kan jo til og med den enklaste biolog skjønna. Det hadde vore så mykje sjukdom at antibiotika hadde vore løysninga. Slikt går ein til doktoren for å få. Og doktoren, den skikkelig kjipe doktoren, som heilt sikkert var mot auraer og krystallar og hippier generelt, hadde, ut av rein forakt, gitt hippien ein svak pingle-antibiotika som slettes ikkje hadde virka! Berre for å vere ekkel. Så hippien var nødd til å gå tilbake og få ein ny. Men, den skikkeleg ekle doktoren ville framleis ikkje gi frå seg en resept på den skikkelig sterke kuren. Hippien måtte ta til takke med ein eller annan sekundær styrke. Hippien var no, etter all dette arbeitet, frisk og kjekk, men følde seg framleis litt snytt av denne doktoren som satt der og ruga på hestekuren.

Når nokon kjem opp til meg på fest og fortel meg og biologien på ein måte som visar at dei ikkje veit stort og ikkje har tenkt å vita meire heller, pleier eg berre å gå. Eg vil ikkje ta den diskusjonen når eg eigentlig skulle ha det kjekt (eg vil mykje heller snakka om ting eg ikkje har greie på. Som jagarflykjøp eller utenrikspolitikk). Sånn som den gangen ei jente sa at ein ikkje burde spisa sjampingjongar. Fordi sopp et daue folk. Jada.

Uansett. No er det slik at antibiotika er noko eg faktisk er opptatt av. Tanken på multiresistent tuberkulose i russiske fengelse skremmar meg. Eg gremmes over at ein kan få halspastiller mer antibiotika i og at ein tilfelig doktor ga meg ein tidagars kur med stoffet fordi eg hadde litt hoste. Eg jobbar med antibiotika. Kvar dag. Eh har klart å drive fram antibiotikaresistente bakteriar i ei petriskål på benken på laben. Det er ikkje vanskeleg. Det er lett.

Så eg vil sei dette ein gang for alle: Antibiotikatesistans betyr at bakteriane som gjer oss ekle infeksjonar ikkje døyr etter ei veke med penicillin. Det er blant anna overbruk som har ledd til dette. Ein gjer ikkje nokon "den aller sterkaste, siste utveg"- antibiotikaen før det virkeleg er krise, fordi det er den aller siste utveg. Ein skal spara på den. Slik at ikkje alle bakteriane blir resistente mot også denne og me kan gå tilbake til å legga groblad og graut på infeksjonane.

5 kommentarer:

Cecilie sa...

aha! så det er du som driver og skaper utbredt resistens mot antibiotika med å dyrke dem frem i laboratoriet ditt?? hehe

Cecilie sa...

hehe, forresten så har de såkalte "sterke" antibiotikaene en hel drøss flere bivirkninger enn de gamle kjedelige som penicillin. hihi, det hadde han nok ikke likt like godt (men da hadde vel legen bare gitt ham gift istedenfor antibiotika...)

Cecilie sa...

kan jeg komme til canada og se på laben din?? og antibiotikastammene dine?? ;)
hehe, nå vet du hvordan du skal sjekke opp en nerdete lege i hvert fall...

Begynnere sa...

Du kan få sjå, men ikkje røre!
Vil ikkje ha nokon multiresistent Cecilie vandranes rundtomkring.

Avil sa...

Eg likar forskarar som ikkje held kjeft. Takk skal du ha.