måndag, januar 11, 2010

Sel i solnedgang

Det hender eg sym. Litt som ein sel plaskar eg meg framover i vatnet i det som eingong var den olympiske stadion i Montréal, men som no er idrettsanlegget til det universitetet som ber same namn som byen. Uheldigvis for meg, er eg meir som ein sel på land enn som ein sel i vatn der eg plaskar meg framover, litt sånn hjelpelaust med dei rare luffane mine. For å auke kulheitsfaktoren litt til, har eg i tillegg på meg badehette.

Sidan det er fleire enn eg som sym, så sym vi ofte litt sånn i kø. Dei som sym kjempefort har ein bane, dei som sym litt sånn middels har ein bane og dei som eigentlig ikkje kan symje i det heile har ein bane der dei kan ligge og plaske, ikkje som sel på land, men meir som fisk. Fisk på land med munn som opnar og lukkar seg utan lyd.  

Av og til når eg er i symjehallen, sym eg så langt eg kjem på ein halv time. Eller 25 minutt eller så. Alt etter kva eg gidd. Men av og til sym eg eit passeleg stykkje så fort eg berre kan før eg tar ein pause. Og så sym eg så fort eg kan igjen. Slik held eg på ei stund.  

Og det er i den samanheng eg har bite meg merke i ein ting. Når eg står der ved kanten og pustar som ein sel som har krype 100 meteren på land, hender det at dei andre som sym i same bane som meg kjem og skal snu. Og viss det er ein gut eller ein mann med hårete skuldrer kastar dei så vidt eit blikk i min retning før dei snur seg rundt som ein sel i vatn og fortsett som om ingenting har skjedd. Men viss det er ei dame som kjem, kikkar ho alltid to gongar på meg som for å forvisse seg om at eg ikkje skal til å kaste meg uti igjen. Av og til hender det at dei spør òg.  

Kvifor er det slik? Kvifor ber mennene seg åt som om dei eig bassenget mens damene berre er så heldige at dei fekk kome på besøk?

1 kommentar:

Stian Soiland-Reyes sa...

Eg har vel og vert skuldig i å 'eige' bassenget slik du seier det, og la meg på vegne av mannlege symjarar forklare:

Det er konkurranseinstinktet. Tenk deg kva mannfolk som må holde seg i plaskebanen - dei føler seg ikkje særleg høge i hatten som ikkje klarte å fylgje med i dei raskare banane. Manndomen står på spel. Det minste dei kan gjere er å imponere unge jenter med badehetter og ta ein undervassjøløvesving.

Og orsak for min elendige nynorsk, eg måtte trykke eit par gonger i Firefox for å få opp rette ordlista.. men det er ein god ide for oss utlendingar å nytte nynorsk i slike sosiale media. Kanskje noko for Tryneboka?